torsdag 24. februar 2011

Sommar hjå Jysk….

Denne stolen synes eg er berre lekker

Bedford heiter den.

Bordet som høyrer til er laga i kunsttre

so det krev ikkje vedlikehald

Det er slik som me likar.

For om sommaren skal me berre kose oss.

Ikkje pusse og gnikke på bord ;)

Sjå kor lekkert det er.

Synd at eg har hagemøplar :(

Modulsofa, som du kan bygge so stor/liten som du vil ha.

Solstol

No ventar eg berre på

sommar og solSol

Ha ei fin veke!!!

søndag 20. februar 2011

Klar for ei ny veke

So var det sønsdagskveld igjen. Helgene går so fort. 
Men det er berre bra at tida går litt fort no, 
for det er so mykje å sjå fram til.
Tirsdag kjem nemleg hagemøblane inn til butikken, 
og eg veit at det er nokre lekre nyheter som kjem i år.. 

So er det jo nedtelling til Paris-turen,
den nærmar seg med stormskritt no.
Berre 4 veker igjen.

GLER MEG !!!

Jysk har forresten fått inn ein del nye puter og pledd.
Med polkadotter og blomster.






Bilda er henta frå
  JYSK

Denne veka blir det ein kjapp tur til Kristiansund.
Der har eg aldri vore før, so eg gledar meg til å sjå byen 
og treffe gode kollegaer igjen.
Håpar været held seg fint, so eg får sjå byen frå si beste side.

Ha ei fin veke da :)


torsdag 17. februar 2011

Hujeda mej....

Tenk å kunne skru tida tilbake og flytta til
Katthult på Emil si "tid".


Å budd i detta fine huset her.
Hatt han Alfred til gårdsgutt, Lina til å melke kuene.
Hehe, det hadde vore stas.
Såg på Emil istad, dei køyrte med hest og kjerre.
Det var sommar, det var sol og grønt gras.


Virkar som folk kosa seg mykje meir før,
sjølv om det var hardt arbeid og bu på ein gard.
Likevel, det er ein draum, for meg.



So kunne eg stelt i stand kalas ute på glasverandaen :)

No skal eg bort til verdens beste
og planlegge Paris-turen vår.

Er berre ein mnd att til avreise no.

JIPPI

Paris ein liten kontrast til Katthult ;)

søndag 13. februar 2011

Ut på tur, nesten aldri sur.

I dag har me kosa oss ute i vintersola.
Været er berre so nydeleg her i Sogn.

Ørjan


Me pakka sekken og so bar det i veg.
Oppi sekken hadde me pølser, lomper og kakao.
Det var litt kald vind, so me sette oss i "le" bak eit naust.



Ruben


Mamma og Ørjan


Mamma og to godingar


Nydeleg dag langs Sognefjorden.


Eit gammalt hus.


Dette fine glaset fann eg i postkassen i dag.
Eg begynte å lure på om Posten har begynt med søndagsruter.




Men so var det berre gode, snille Anita B.
 som hadde vore der å lagt at eit spor.

tusen takk

Ha ei strålande fin veke.

Morsdag.

Vart overraska med
 roser og biff i går kveld.
Ein dag på forskudd, sia mannen er
på jobb i dag.


Rosene er so nydelige.


Eg fulgte eit råd eg las i eit blad,
for at rosene skal halde seg lenge.
So no gjennstår det å sjå om det virkar.


Eg skråskjærte stilken, plukka vekk
blada som ville ha komme under vatn i vasen.
(for blada tek all næringa viss dei er under vatn)
So tappa eg i vasken og lot rosene
ligge der i ein halvtime å flyte.


No skal eg køyre eldstemann og nokre
kammeratar opp i slalombakken.
Etterpå skal Ruben, Ørjan og eg  ut å gå tur i den
nydelige sola.
Er berre so godt å merke at sola er her lengre,
og lengre for kvar dag.

I morgon startar eg i "ny" jobb.
Kjenner at eg kvir meg litt, men reknar med eg overlever ;)
Har mange gode kollegaer, so dei vil sikkert ta vare på meg.

Nyt dagen!!

onsdag 2. februar 2011

Marit, the one and only

I kveld har gode kollegaer og eg vore på restaurant,
Biffkveld på Joar's
Maten smakte fantastisk godt.

Me hadde avslutningsfest for vår kjæraste sjef.
Ho har valgt å forlate oss.
Noko som me synes er forferdeleg trist.

Heldige er dei som får "overta" ho i Ålesund.

For ho er ein fantastisk person, som eg har vorte veldig glad i.

(Godt det finnes telefon, og Facebook.)

Legg med eit bilde av desserten min.
Joar's heimelaga brownies
 med sorbet og smelta kvit sjokolade

Nammis


Nei, no blir det loppekassa på meg.
Har ein lang dag føre meg i måro.

Ha ei god natt.