mandag 25. juli 2011

Vi står sammen.

Eit lite innlegg frå campingvogna.
Me kosar oss på ferie, nyt dagane og kvarandre.
Er glad for å ha alle mine rundt meg, mens tankane mine går til alle som har det vondt og vanskeleg no.

Me ferierar i vårt kjære naboland Sverige. Svenskane viser også at dei står sammen med oss.
Fleire plassar i Strømstad var det eitt minutts stillhet i dag.
Sjølv var me nede på brygga i sentrum, der stoppa folk opp når kl var 12.00. Det var sterkt å stå der, fekk frysningar og tårane pressa på. Noko dei har gjort mange ganger siste dagane. Eg har tenkt mykje på det forferdelige som skjedde på fredag, og kan fortsatt ikkje tru det er sant.
At det finnes so mykje hat i eit menneske, er ikkje til å tru.

Men kjærligheten vil alltid seire tilslutt.

søndag 10. juli 2011

Lykke :o)

I dag har me hatt det kjempekoseleg .

Har lenge tenkt på å besøke bokbyen, 
i Fjærland.
Og i dag var dagen endeleg komen.


Her er det sjølvbetjening.
Kr 10,- pr bok.


Meir enn 250 000 bøker er tilsalgs
i forskjellige hus langs vegen i Mundal, Fjærland.


Til og med fjøsane har fått nytt liv.
Dei er ikkje fyllt med dyr, men masse bøker.






Ruben og Joakim


Drømmen av eit hus

Sjå dette nye fine huset.
Bygd i gammal stil, med
flotte utskjæringar










Eit gammalt kart, inne i det vakre Hotel Mundal


Slinde 


Litt dårleg bilde, men sjå den stilige kalenderen.


Etter all gåinga var det på sin plass og ta ein liten 
pust i bakken.

Anita hadde stekt knekkebrød og brownies.
Eg hadde med pizzaboller og te.


Skal sei me kosa oss.


Me  hadde picnic i hagen til Hotel Mundal









***

Dagen vart avslutta med kinamat og pizza på kaien i Sogndal.

Ein skikkelig kosedag.

No har eg berre att ei veke å jobbe, 
so er det ferie.

Klem fra Nina Kathrin