mandag 25. juli 2011

Vi står sammen.

Eit lite innlegg frå campingvogna.
Me kosar oss på ferie, nyt dagane og kvarandre.
Er glad for å ha alle mine rundt meg, mens tankane mine går til alle som har det vondt og vanskeleg no.

Me ferierar i vårt kjære naboland Sverige. Svenskane viser også at dei står sammen med oss.
Fleire plassar i Strømstad var det eitt minutts stillhet i dag.
Sjølv var me nede på brygga i sentrum, der stoppa folk opp når kl var 12.00. Det var sterkt å stå der, fekk frysningar og tårane pressa på. Noko dei har gjort mange ganger siste dagane. Eg har tenkt mykje på det forferdelige som skjedde på fredag, og kan fortsatt ikkje tru det er sant.
At det finnes so mykje hat i eit menneske, er ikkje til å tru.

Men kjærligheten vil alltid seire tilslutt.

2 kommentarer: