onsdag 6. januar 2010

Jentetur i mars

Før jul hadde venninna mi Anita og eg stand på museet sine førjulskveldar, (3 kveldar i desember). Me selde julesokkar, pynteputer og div anna som me hadde laga sjølv. Og overskotet skulle gå til Jentetur med stor J. I kveld har eg hatt besøk av Anita :) og me har so smått begynt å planlegge tur til Stockholm i mars. So no er det berre å ordne barnepass og fri fra jobb. Ha ei god natt Mvh Nina Kathrin

Kan nokon redde ei prinsesse som har vore fanga i eit slott(hus) den siste veka

Eg er fange i mitt eige hus. Forige onsdag datt eg ned trappa, og har sidan det ikkje vore ute av huset, med unntak av legebesøk på fredagkveld.So no begynner eg å bli rimelig lei. Har lyst på shopping, tenker på alle "godbitane" som eg går glipp av no i desse salgstider. Yngstemann treng vintersko og mellomste guten treng vinterdress. Han har nemleg øydelagt ein thermodress og 2 skibukser på 2 veker no. Skjønnar ikkje korleis han får det til. Men dei var frå i fjor, so litt slitne var dei vel. Det er godt me har gratis ved, og det er godt eg har ein mann som får veden i hus:) Det er ikkje ofte me har 10 minus her hjå oss. Såg på nyhetene i dagtidleg at det var 39 minus ein plass. Brrrr da er det kaldt det :) Ellers so må eg få teke nokon bilder so de får sjå korleis eg har det. Må sei eg har litt presentasjonsangst, for de andre er jo so flinke. Men eg får prøve so godt eg kan. Ha ein fin onsdagskveld Klem fra Nina Kathrin

mandag 4. januar 2010

På'an igjen

Med skule og jobb. Hardt å stå opp so tidleg, når ein har sove tl kl 11 kvar dag i 2 veker:) Merkelig kor godt det er å få rydda vekk jula. Begynner å glede meg, og tenke jul allerede i september. Pynter hus og kosar meg fra 1. søndag i advent, og synes eg har det sååå koselig. Men når me e ferdig med nyttårshelga kan eg ikkje få rydda vekk jula fort nok. Eg har fått rydda vekk jula i helga :) og hengt opp vår-gardinene mine på kjøkkenet i dag. Blei so lyst og fint. Grønt er faktisk skjønt i små mengder;) Godt med litt forandring. Eg er alltid på utkikk etter noko nytt. Ha ein fin dag Klem fra Nina Kathrin

søndag 3. januar 2010

Hjeeelp!!

3. januar 2010 No har eg endeleg gjort alvor av å lage meg ein blogg. Føl mange bloggar kvar dag, og har liksom lyst til å vere med i "gjengen". Navnet Liljekonvallen kjem av: Favorittblomsteren min Liljekonvall. So håper eg at eg klarer å følgje opp det eg har starta :) Ha ein fin kveld. Mvh Nina Kathrin