onsdag 6. januar 2010

Kan nokon redde ei prinsesse som har vore fanga i eit slott(hus) den siste veka

Eg er fange i mitt eige hus. Forige onsdag datt eg ned trappa, og har sidan det ikkje vore ute av huset, med unntak av legebesøk på fredagkveld.So no begynner eg å bli rimelig lei. Har lyst på shopping, tenker på alle "godbitane" som eg går glipp av no i desse salgstider. Yngstemann treng vintersko og mellomste guten treng vinterdress. Han har nemleg øydelagt ein thermodress og 2 skibukser på 2 veker no. Skjønnar ikkje korleis han får det til. Men dei var frå i fjor, so litt slitne var dei vel. Det er godt me har gratis ved, og det er godt eg har ein mann som får veden i hus:) Det er ikkje ofte me har 10 minus her hjå oss. Såg på nyhetene i dagtidleg at det var 39 minus ein plass. Brrrr da er det kaldt det :) Ellers so må eg få teke nokon bilder so de får sjå korleis eg har det. Må sei eg har litt presentasjonsangst, for de andre er jo so flinke. Men eg får prøve so godt eg kan. Ha ein fin onsdagskveld Klem fra Nina Kathrin

1 kommentar:

  1. Gleda meg:) Og kjekt at eg fekk vera den første til å kommentera bloggen din:)

    SvarSlett