søndag 28. november 2010

1. advent og litt bilder fra Riga

Årets adventstake er enkel og grei,
lilla lys med tørka lilla roser på eit lysfat.
Tala vart kjøpt på Mols.


Litt detaljar frå kjøkkenet.



julegardinene vart kjøpt på
KID i fjor.
Enkle og fine synes eg.


På flyplassen i Riga vart me henta med Limousine.
Det var stas......full jubel av alle 9 i baksetet.
Me spretta ikkje mindre enn 3 flasker Champagne
på den 30 min lange turen til hotellet


Siste dagen kom det snø, var ute å knipsa nokre bilder
før me reiste heim.


Resten av bilda har eg på eit anna fotoapparat.
Får sjå om eg får lagnt dei inn ein anna dag.


No luktar det deilig heimebakt,
skillingsbollar og "vanlige" bollar.
Eg vart nemleg tante att på onsdag til ein
 liten nydeleg gut.
So no har eg tenkt meg ut å kikke på.....
da tek eg med ferske bollar og nydeleg roser til
dei nybakte foreldra.

Ha ein fin 1.søndag i advent da :o)

So bloggast me.

søndag 21. november 2010

Litt kveldspyssel

Skulle igrunn ha juleverkstad med Anita i kveld,
men so kom det noko i vegen.
Derfor gjekk ho glipp av desse.


Te og cokkies :o)
Anita skulle endeleg få prøve koppane eg
fekk av ho til gebursdagen.
Me får ta det att seinare.


Tok å prøvde God Jul stempelet mitt.


Desse flaskene skal eg male på nytt,
med gesso.
Ha på blonder og stemple på nytt.
Etter ide av sjarmerende jul.


Rosene mine




Hadde ei lyslykt som dessverre
vart ødelagt.
Syntes mønsteret på glaset var so fint.
Derfor tek eg vare på dei, kanskje
eg får ein god idè om kva eg kan bruke dei til.


Kjøpte fine gavelapper på Nille.
Ellers so skal no Anita og eg lage våre eigne i år også.
Kjøpte tags når eg var på Panduro før helga.


Kementiner hører årstiden med


So det vart eit lite innlegg før eg reiser på tur.
No er eg ikkje tilbake før torsdag.

Ha ei fin veke da!!

Klem

Riga

I morgon reiser eg på "businesstrip"
til Riga.
Det blir spennande!!


Lurer på om det er snø der no, tenkjer det ligg på
4-5 grader iflg reiseguiden i Riga.


Nydelige bilder iallefall.
Håpar eg kan finne like fine motiv.


Ein ting er iallefall sikkert.
Eg skal på SPAaaaaaaaaaa.
1 1/2 time på tirsdag.
Lucky me :)
Har ein snill sjef.





Men eg har meir å glede meg til, for i kveld kjem Anita på besøk.
Me skal ha juleverkstad.
Kanskje eg kan vise nokre smakebitar seinare i kveld.

So long..........

Klem fra Nina Kathrin.

tirsdag 16. november 2010

Drømmer........

I`m dreaming of a white christmas.....
Kunne godt budd inni dette bilde.
Tenk så koseleg det hadde vore.



So kunne eg ha pynta eit tre midt uti gata.



Ha ha ha, har visst ikkje mykje å skrive om.

Skal til Oslo i morgontidleg på eit kurs, og kjem ikkje
 heim før seint fredagskveld. So er det jobb laurdag, smalahovefest på kvelden.
Søndag må eg bake bollar til eit skulejubileum, + ei eplekake med son min (som har det i lekse)
Mandagmorgon er det Riga som står for tur, blir der til torsdag.
Det går i eitt framover.......blir heilt stressa.

Men, får ta ein dag av gangen.

Tenker på dei som er att heime og, heldigvis er Ronny (på 14)
flink og hjelper til.
Han er den beste storebroren.

Nei, no er det TV resten av kvelden.

Klem fra Nina Kathrin




søndag 14. november 2010

Er julesjuk

I dag har eg ein slik dag at eg berre mååå ha
innputt av julestemning.

Difor skulle eg ønske at jul med Ernst eller eit anna
 juleprogram kunne gått på tv.


Bilde over er fra Jul med Ernst, fra 2008.

Kanskje eg rett og slett må sjå
Love Actually


Den filmen er berre so bra, viss du ikkje har sett den....
MÅ du sjå den.

Helst fleire gangar, er ikkje so lett å "skjønne" den første
gang du ser den. For det er so mange rollar og forholde seg til.
So den blir berre bedre og bedre for kvar gang du ser den.

No må eg finne fram julebøkene mine,
og berre drømme meg vekk.

Ha ein fortsatt fin søndag.

Klem fra Nina Kathrin

fredag 12. november 2010

God helg!!!

Ville berre innom for å ønske alle ei god helg. Har endeleg heilt fri ei helg.
So i morgon skal me kose oss ilag med venner.
Eg har invitert til heimelaga pizza.
Smakte ein no ein dag, med hvitløksdressing og ruccola.
Det var nam, so da vil eg prøve å lage den.

Ellers so har Anita og eg noko på gang no.
Hadde eit prøveforsøk i går, og det vart ikkje so værst.

Ha ei strålande helg alle sammen

Klem fra Nina Kathrin

fredag 5. november 2010

Tilbake i tid

I morgon er det julebord og da 
 går turen til Sundvolden Hotell på Sundvollen
ca 45 min fra Oslo mot Hønefoss.

Det er eit kjempekoseleg hotell, med ein gammal og ein ny fløy.
Interiøret i den gamle fløyen hadde nok glidd lett inn
 i mange sine heimar her i blogglandia.

Der er det mange fine møblar og stilleben.
Har tenkt på det før at eg skulle ha knipsa bilder,
og i morgon må det berre skje :)


Desse bilda har eg lånt fra heimesida deira.
Berre for å vise at eg snakkar sant ;)
Dette er nostalgi.


I resepsjonen sel dei eigenprodusert mat, heimelaga sjokolade og litt interiør.
Når du kjem opp på rommet ditt, ligg det alltid
heimelaga sjokolade på senga.

Nam, nam

So i morgonkveld har eg og fleire hundre andre
 ein date med Alex Rosèn

Gleda meg ja :)

Ha ei fin helg da!!