søndag 25. april 2010

Still alive

Ville berre innom for å sei at eg fortsatt er i live. Har liksom ikkje noko å skrive om/vise fortida.
Bjørn Asle har so smått begynt med rommet til Ronny i "garasjen".
Me skal gjere om garasjen som me hadde "i huset", til kjellarstove.
Slik at Ronny for ein plass å vere. Rommet blir ca 20 m2.

Gler meg til det står ferdig i løpet av året??????
Bjørn Asle har planer om å ikkje stresse med det...........

Men me får sjå ;o)

Klem


fredag 16. april 2010

Min snille, snille sjef.

Sjefen min, Marit var på tur her om dagen.....og da kom ho over denne:







Då ho såg denne boksen, tenkte ho på meg da veit du.

"Denna boksen hadde Nina likt, tenkte ho" 
Og Nina likte veldig godt denne boksen :)

Tusen takk, Marit.......Du er super!!

Vil ønske alle ei god helg med denne Hortensiaen



Klem

tirsdag 13. april 2010

Ørjan sitt rom


Er ikkje ferdig med å stæsje enda, men viser litt bilde likevel:)
Før hadde rommet "gulna" panel med mørkeblå tapet over.



Laga hylle med delar fra eit garderobeskap.


Bord fra Ikea, puffer fra Jysk


So no har de fått sett litt, kjem sterkare tilbake snart.

Ha ei god natt, for no hoppar eg til sengs

søndag 11. april 2010

Ruben 9 år

Ruben fyller 9 år i dag <3


So i dag blir det familieselskap, med gryterett og
kvitløksbrød (bursdagsbarnet sitt ønske)
Kaker, kaffi, is og brus.

Ha ein fin dag alle sammen!!

Klem

fredag 9. april 2010

Lisbeth Dahl på Farmen

Viss eg ikkje tok heilt feil her hin dagen, so skimta eg Lisbeth Dahl
sine boksar på kjøkkenbenken på den idylliske gården på Tranøya.
 Enten har Lisbeth Dahl "stjelt" form og mønster, sia Lisbeth Dahl først starta i 1981,
eller so er det noko mystisk som har skjedd. Eg trur det siste :P
Men god smak hadde dei iallefall for hundre år sia :)


Boksane heilt til venstre i bildet.

torsdag 8. april 2010

Gangen nede



Vil berre vise det fine bilde som
Jeanette-Kristin laga til bursdagen min.





Ho veit at NYC er byen i mitt hjerte.

Er so heldig å fått besøke byen 2 ganger
Første gang var i nyttårs-helga 2002/03, da reiste eg saman med mi søster Linn Cecilie
Andre gang reiste Bjørn Asle, Ronny, Linn Cecilie og eg 
over for å feire 30-års dagen min.
So dagen min vart feira i toppen av Empire State Building :)

Love it:)





Under trappa har vi to stygge skap (våpenskap og ein safe)
(Safen inneheld ikkje pengar  da so det er sagt ;o))

Difor hengte eg opp trådgardiner for å skjule dei.
Synes det funker greitt.

                                            



Trappa var opprinnelig trekvit.
Men har måla ho i kvit og kirsebær,

Much better!!



Ha ein fiiiin kveld !!

onsdag 7. april 2010

Klar for terrassekos



Har rydda og vaska terrassen so no er alt klart til
laaaange sommarkvelda utendørs.


Veggane i bakkant er av leca og glassbyggestein.
So var me so heldig å få tak i ein glasvegg fra eit forretningslokale,
so no kjem det kun inn "friskluft"/trekk i framkant






Me har stor terrasse, so me har plass til mange gjester.


Ei skiferhelle eg fann i fjøresteinane i fjor sommar.
Fin til dekorasjon synes eg


So heilt tilslutt:
Detta nydelige teppet har mamma hekla til meg.

TUSEN TAKK MAMMA!!


Ha ein fin onsdagskveld.

Klem fra Nina Kathrin

lørdag 3. april 2010

På jakt etter påskeegg, påska 2010


Eit sikkert vårtegn!!


Ut mot havet!!


Linn Cecilie har fyllt sekken.


Mine to søstre og eg gjekk i førevegen og hengte opp ballongar.
Resten av gjengen, måtte følge etter ballongane, for å finne ut kor egga var gøymde.



Ruben og Ronny på sporet etter påskeegga.


Onkel Roar, Birgit og ein viss inntrengar. Eg kallar han Kåre ;)



Ørjan, Anne og Elias leiter....og finn :D


Hmmm, der er eitt til....


Etterpå vart det grilling og kos.


Me kosa oss skikkelig på denne turen, kjekt å vere ute og nyte det fine påskeværet her på Sunnmøre.

Ha ei fortsatt fin påske.

Klem fra Nina Kathrin