søndag 31. oktober 2010

Halloween......det skulle gått an å spola denne dagen tilbake

Sa Ruben (9år) da eg spurte om han hadde hatt ein fin dag.


Gresskar (frå Nille) må til, når me ikkje fekk tak
i eit skikkeleg.


Ei pynta Halloweenbord


Ørjan og Tuva





Her var heile gjengen samla i trappa.



Me har hatt ein koseleg kveld ilag.

Ha ein fin 1.november i morgon.
Kun 54 dagar igjen til jul ;)

Klem fra Nina Kathrin

onsdag 27. oktober 2010

Herlige haust er da nokon som seier

Når eg vakna i dag tidleg plaska det ned, da meina eg PLASKA.
Da er det godt å ha stearinlys og fyr på peisen.


Lite glimt av stova mi.


I dag er det husarbeid som står på planen.
Har vaska sofaen, den dumme microfibersofaen
som skulle være so enkel å halde rein.
Det er sikkert enkelt viss ein har lyst å vaske kvar dag.

Men no er den ganske presentabel da, enn so lenge.
På søndag blir det HaLLoWeenParty her
Anita og eg har laga det til ein tradisjon,
det er vel 4.året no trur eg.
Da ber me inn ungar i nabolaget,
kosar oss med bollar,kaker og godis.
Me går ikkje rundt på dørene til folk,
 med knask eller knep.
Men har nokre storebrødre, som gøymer
godtekorgene ute i mørket, so leitar me andre.

SPENNANDE!!!

fredag 22. oktober 2010

Hjeeeelp

Hei, og god fredag.

Er det nokon som kan hjelpe meg?? Eg treng treperler i str 18-20mm, enten natur eller kvite.
Eg skal bruke dei til å stemple på so dei må ikje være "for" glatte. Panduro har 12 pk til kr 24,50, men eg synes det blir for dyrt når eg skal ha 350 stk. (Før hadde dei 50 pk til 49,-...men dei er utsolgt)


So visst det er nokon som veit om ein anna plass åfå tak i perler so blir eg glaaad.

Ha ein fin fredag.

onsdag 20. oktober 2010

SNELLESKRIN

Som sagt var eg på besøk av mormor i haustferien,
og på garden der ho er født står det eit gammalt stabbur.
Og inni det stabburet..........


Fann eg dette :o)

Eit snelleskrin som tippoldemora mi hadde :)
Er berre so nydeleg fint.


ba meg og ei anna venninne på heimelaga brownies
med sjokoladesaus i dag.
Søtt og godt ja :o)

So plutseleg seie ho, eg har noko til deg eg, Nina.
Det er ganske stygt, ikkje sikkert du vil ha det.

so kom ho med dette fine brettet, gjett om eg vart glad da.



På Jysk har dei begynt å få inn nye "pynteting"
Bla. dette fine lysbrettet.

So har dei fått inn stasjonsklokka, som så mange har i
KVITT :o)
Kvitt


Nokre "gamle" ting som dei skal sluttselje.
Ramme til kr 15,-
(Såg den forresten på ein butikk i Sandnes til 298,-)


Lyssand kr 5,- pr boks
og fine blondelysestakar til kr 7,50 (2 pk)


Mykje fint!!

Har no hatt besøk av
Sara
og eg i dag.
Me har spela dyrelotto, gått på skattejakt
 laga middag og rydda oppvaskmaskina.
Ho er so snill og god.

Ja, so må eg no fortelje at eg har skifta dekk på bilen min.
Heilt aleine :o)

Synes eg er flink eg. Men skal gi mannen min beskjed
om at eg ikkje har tenkt å gjere det til ein vane :P

søndag 17. oktober 2010

Har hatt ei kjempefin langhelg.

Helga har eg tilbrakt ilag med nokre av mine kjæraste i slekta.
Er so glad i dei alle <3


Me køyrte dei 32 mila frå Sogn til Vågstranda på onsdag.
Vågstranda er ei lita bygd i vakre Romsdal.
Der budde eg mine 5 første leveår.
So det er vel ikkje so rart at hjertet mitt
høyrer til akkurat der.

Me overnatta med onkelen og tanta til mamma.
Øystein og Astri.
Astri lagar gode brød, og eit aldeles nydeleg syltetøy.
Nam nam.
Øystein fortel mange spennande og rare historiar.

So har dei ei lita "tulle" ho heiter
Elisabeth
og er berre nydeleg.
Elisabet har ei storesøter som heiter Åse,
ho er flink til å gjere fleire ting på ein gang.
Som feks. -bake rundstykker mens ho joggar.


Når me er samla so går det i taco-eting, brownies og kortspeling.
Er sooooo kjekt.

Me har og besøkt kjære mormor, onkel m/fam.
Når eg er med mormor brukar eg å spørje om
"gamle dagar".
Må få vite mest mulig.



Ut på tur, aldri sur.

Når me kom heim, laga eg pizza.
Godt med noko salt når ein har køyrt so langt.

No er ungane i seng,og  i morgon er de klart for skule igjen.
Ei ferieveke går jammen fort.

No er det ikkje ferie før jul.
Men tida går fort, so snart sit me rundt eit juledekka festbord
og kosar oss med pinnekjøtt.

Ha ei fin veke da.


mandag 11. oktober 2010

God kveld :)

Nok ein nydeleg haustdag er forbi, det er berre so nydeleg ute no om dagen.
Litt kaldt einaste, måtte skrape bilen i dagtidleg.
Brrrrrr



I går gjekk me tur i skogen.
Fjella spegla seg i ein heilt blank Sognefjord.
Trur ikkje det finnes vakrare plass på jord.

onsdag 6. oktober 2010

Hæppi børsdai

No kan eg ikkje lenger sei at eg berre er 33 år :o)
Nei, for i dag er eg 34.


Dagen har vorte feira med mine bestevenninner
Anita & Rita.

Fekk Nora øyredobbar av min kjære mann.
Akkurat slike eg ønska meg ;)



Denne nydelige Pip skåla fekk eg av kjære Rita.


Koppar med fat fra Anita.
Sniken hadde fanga opp at eg likte desse koppane då me var på ferie ;)
Og snill som ho e, kjøpte ho 2 til meg


Ho håpar nok på å få komme på besøk å drikke te i dessa :o)

Av mamma og pappa fekk eg fleire skåler i mitt favorittservice
EDME



Av Linn Cecilie fekk eg og øyredobbar frå Nora,
so no har eg eit par i brun/beige
og eit i blått. Dei er berre so fine.

Ellers so har eg fått noko anna i dag og, men det kan eg ikkje fortelje om enda.

I kveld kjem Rita og Anita igjen, med mannane sine.
Da blir det lasagne, brownies og pepsi :)
Har visst ikkje laga noko kake :(

Ha ein fin kveld!!

Klem frå Nina Kathrin