søndag 30. oktober 2011

Bursdagsgave :)

Torsdag var eg og ein gjeng på Damenes Aften på Bohus.
Det var litt av eit opplegg.
So koseleg og kjekt.

Finn Schjøll & ei dame sto og håndhelste
og ønskte alle velkommen.
Me fekk velkomstdrink, og kanapeer.

***

Det første eg såg når eg kom inn i butikken
 var ein nydeleg sjuarma lysestake.

Venninna mi (Anita) sa 
KJØP DEN DA.....

Neeeei, sa eg, kan no ikkje kjøpe ein SO stor lysestake.

***

So bar det opp i møbelavdelingen, 
der Finn Schjøll  hadde foredrag.
Ein koseleg mann, og ein flink forteljar.


Etter ein times foredrag var det klart for shopping. 
Me gjekk ein runde og kom tilslutt bort til lysestaken igjen.

So seier Anita: 
"Eg kjøper den til deg eg, du har jo ikkje fått bursdagsgave....."

Nina (eg):
 "Nei, e du gal?????"
 (Noko eg for så vidt veit at ho e fra før :) )

Anita:
"Nei, eg kjøper den"

Nina:
"Den er jo alt for dyr.......!!!!!"

Anita:
"Sikkert nokon som blir med å spleisar"


Jammen for ho bort i kassa å kjøpte den,
fekk no trossalt 20% rabatt :)

***

So no er eg den heldige eigar av ein
STOR 
lyststake



Treng ikkje å ha juletre i år..... :)


Må kanskje ta ned lysekrona mi.
Bir litt for mykje av det gode.







Heldig eg er som har ei so GAL venninne.
Har hørt rykte om at ho har fått eitt par "spleisara" med på laget.
Takk til dei og :)

Ha ei fin ny veke da :)

Klem

Sjå kor fine dei e......

Foreldra til Bjørn Asle hadde opprydning på loftet
nyleg og sjå kva dei fann.


Finaste skoeska eg har sett iallefall.



Søte blå sko


***



***



Alfa barnesko
Ser ut som dei kosta kr 29,15.

Fint minne å ta vare på.

***

Idag skal eg lage ein bedre middag, 
indrefillet av svin,
stektegrønnsaker og potet.

Med brownies til dessert.

Nam, nam.

Ha ein fin søndag!!

Klem fra Nina Kathrin.


lørdag 22. oktober 2011

Det kan bli vanskelig, sa Tvilen



- Det kan være risikabelt, sa Frykten.
-Det lønner seg ikke, sa Fornuften.
Gjør det likevel . . . hvisket Hjertet ♥


Ha ei fin helg da :)


Klem fra Nina Kathrin

torsdag 20. oktober 2011

Berlin x 2 på ei veke

Tur nr 1

02.10.2011

Fortsatt på skuletur








Litt interiør må også til, denne tok eg bilde av
mens eg tenkte på deg Anita


Utanfor Stasifengselet.
Rosene var so fine.



Guiden sa, at det var ingen av fangane som nokon
 gong fekk sjå ut vindua fra fengselet,
(so lenge dei sat inne)
Det var ingen som visste at det var ein stor rosehage der ute.

Dei fekk ut i luftegården ein halvtime for dagen, 
visst dei hadde oppført seg fint.
Men fekk ikkje lov å sjå opp på himmelen,
berre stirre ned i bakken.
Mens dei gjekk rundt og rundt langs kanten.


Ei dame, tidligare fange hadde fortalt at det 
største ho nokon gang hadde opplevdt i livet
var når ho såg eit grasstrå "vokse" opp fra betonggolvet
i luftegården.....
Tenk eit grasstrå, og det var det sterkaste
øyeblikketi livet hennas.




Minnesmerke 

Holocaust Memorial



Muren, den einaste som står igjen på original plass, trur eg


Checkpoint Charlie

Siste av 3 Checkpoint før du kom inn i Vest Berlin





Berlin 05.10.2011
(tur nr 2)
Med gode kolleger


Bursdagen min starta med

<3 Sjokolade <3


Nei, da eg åt ikkje denne fine engelen.

***

Me hadde først ein guida 3 timers tur
rundt om i byen.
Fekk med oss dei mest kjente plassane.

Brandenburger Tor
sjølvsagt dreiv dei å mata hestane den dagen ;)


So vart det trimming og drikking.
Ein "syklande" pub.

Me var 10 personar som trødde, ein som styrte,
ei "i baren" og 3 som berre satt der :P



Me sykla rund i Berlin i 2 timar og såg på severdigheter.


Bursdagsbarnet

Nina 35 år
06.10.2011

Route 66
Amerikansk restaurant


Likte du kjolen??
den er kjøpt på Kappahl for kr 50,- 
Me kjøpte 7 stk, tippar at alle butikkane i Ålesund
vart glad for å bli kvitt dei.

Alle butikksjefane i vårt distrikt
5 damer og 1 stakkars mann.
Hadde samme kjole.

Just for fun :)

Sjefen vår vart so fornøgd.


Hadde ein fantastisk dag


See ya


onsdag 19. oktober 2011

KRAKOW sept 2011

Veit ikkje om eg nevnte det, men me hadde 
mellom 20 og 28 grader på turen.

Var skikkeleg sommarstemning.

***

Her ser du slottet i Krakow.
Eit eventyrslott som ligg ved elva Wisla.


Markedshallen 


Inni hallen var det fullt av 
handelsboder.
(små kott, stappfulle av krimskrams)

Det var spesiellt krystallen som var billig.
Men eg kjøpte ikkje noko,
skapa mine er fulle nok som dei er.


Blå roser
Likte fargen kjempegodt


Ei "kringle" fra ei "kringlevogn"


Mariakirka
står midt på markedsplassen.

Ei fin kyrkje fra 1300 tallet.
Var veldig spesiell inni,
trur ikkje eg lyg viss eg seie at det 
var minst 10 forskjellige alter med prekestolar.
Skjønnar ikkje heilt vitsen med det da ;)



Her har sola begynt å gå ned,
og me måtte finne vegen til bussen.


***


***

Sånn det var 2. del i reisebrevet mitt.

Kanskje kjem det 3. og siste for denne gang om nokre dagar.

Da er det Berlin og bursdagsfeiring.

Klem

Heldige meg

vann i 
Giwe-awayen til 

Malin



Vinkasse 
fra
House Doctor
Fra 

Tusen, tusen takk :)

Klem fra Nina Kathrin

søndag 9. oktober 2011

Mange følelsar i sving.....

......når ein besøker Polen og Tyskland.

Avreise 27.09.2011
Kl 06.00

Turen gjekk først til Oslo med buss, derifrå til Kiel
med "Kielbåten"

Der kosa me oss med nydelig mat og eit storarta Show,
med flinke artistar på Colorline- Fantasy.

Dagen etter, vart det ein lang busstur til ein Polsk by kalt 
Wroclaw.

Etter 10 timar på bussen, var det godt å sette
seg tilbords å ete kylling og ris.



29.09.2011

Auschwitz 2
Birkenau

Sola skinte over Birkenau denne dagen, so me fekk
nok ikkje heilt den dystre og tunge følelsen som 
me sikkert hadde fått viss det hadde
 vore regnvær og grått




Men me fekk likevel eit innblikk, (takka være gode guidar)
om korleis det ein gang var der.

Piggtråd med straum var det første som møtte oss.
Rart å tenke på at noko so "tynt" og "ufarleg" som
ein ståltråd kunne skilje mellom liv og død.



Birkenau var mykje, mykje større enn ein kan førestille seg, 
heile 1750 mål.
Dei fleste av dei 300 bygningane som var der, vart ødelagt av 
tyskarane då dei innsåg at dei kom til å tape krigen.


Dette var porten til døden for ca 1 500 000
jødar. Men også sigøynara, homofile og andre 
"grupper" som ikkje passa inn i den perfekte
ariske rasen.




Her ser du korleis det var på "soverommet" til fangane.
sengene var ca 150 cm breie og oppi kvar seng låg det 8 personar.
x det med 3 høgder så blir det 24.

Meiner guiden sa at det kunne være ca 1000 stk i eit sånt hus.


"Badet" såg slik ut:
Fangane fekk kun bruke det 20 sek morgon 
og 20 sek om kvelden.
Tenk når dei hadde diare og menstrasjon.
Tørr ikkje tenke på korleis klea deira såg ut.

Dei fekk utdelt eitt sett med kle når dei kom (fangedrakt)
den hadde dei på seg heile tida mens dei var der.
Tenk om vinteren kor kaldt det var for dei.



Barnesengene i Block 16


Her låg ungane som dr Mengele brukte i sine 
grufulle forsøk.

'

Dei som sat på toget til enden av skinnene,
gjekk rett i døden (gasskammera)

Me hadde ei minnestund her, der elevane las 
opp dikt og me sang. 

Dikt:

Først kom de for å ta kommunistene
Jeg protesterte ikke - for jeg var ikkje kommunist

Så kom de for å ta fagforeningsmedlemmene
Jeg protesterte ikke - for jeg var ikke fagforenigsmedlem

Så kom de for å ta jødene og sigøynerne
Jeg protesterte ikke - for jeg var ikke jøde eller sigøyner

Så kom det for å ta det homofile
Jeg protesterte ikke - for jeg var ikke homofil

Da de kom for å ta meg - var det ingen igjen som kunne protestere

(Martin  Niemøller)




Aushwitz 1



Etter ein tøff dag reiste me til hotellet
vårt i Krakow.

***

Dagen etter vart ein fin dag.
Da besøkte me saltgruvene i Wieliczka.

Du tror det ikke før du for se det er det noko som heiter :)

Vakrare plass skal du leite lenge etter.
Me var ca 135 m under havoverflata , men det merka 
me på ingen måte.

Ja, ja bortsett fra dei  367 trappetrinna for å komme
 ned til første plattå på ca 65 m under havoverflata.

Me gjekk ca 2 km der nede,  iløpet av dei fekk me sjå
masse fint.
Tenk at dei 2 km berre var 1% av heile gruva.
Gruva er 300 km lang og over 300 m djup

Kvitkalka vegger feks (gjekk rett inn i min interiørstil)

Golvet er salt





Salt som heng ned fra taket.

Alt du ser på bildet er salt



Nei, det er ikkje blomkål som veks her, 
det er nok salt dette og


Interiør :)


Salttrapp


Salt lysekrone


Vart ikkje so bra bilde av katedralen,
da det var litt for mørkt.
Men den var so vakker

Ein i reisefølget vårt, er ein flink sangar.
Og når han sang "You raise me up" der nede
vart det heilt magisk.



Etter besøket i Saltgruvene bar det rett på 
shopping og sightseeing
i Krakow.

Byen Krakow, Tropical Island, Stasifengselet og Berlin
 får eg vise i eit innlegg seinare.

PS:

Viss du har sjansen til  å være med på ein slik tur,
så grip den. Det er ein opplevelse for livet.

Ha ei god natt da :)

Klem fra Nina Kathrin