onsdag 7. juli 2010

Pakke, pakke søte


Var på kjøpesenteret her ein dag, og der sto den søte "frelsesarme-dama" og selde bladet sitt
Eg hadde dårleg tid so eg hasta forbi, med ein liten klomp i magen.  Får litt dårleg samvit, men men slik er det. So etter at eg hadde hatt "runden" min og var på veg ut, kom dama bort til meg og sa...
Kan du ikkje være så snill å ta det siste bladet, so eg kjem meg heim.
Jo, sjølvsagt det kan eg......Tusen takk sa eg.

Og inni bladet var det ei side med desse rosene. Da såg eg ei mulighet veit du....
So vart den til  to fine bilder


Rammene er frå Ikea


Fine ikkje sant??


Passar perfekt til stova mi.
Eg elskar jo rosa og kvitt.
Hadde det på rommet mitt når eg budde heime med mamma og pappa og.
Kvit tapet, med store rosa blomster :)


Vakre blomster
Ein av mine favorittar


Då eg var på Jæren forige mandag, kom eg over denne fine krona.
Nydeleg på lysfatet ,mitt synes eg.

Sommarslege seriviettar fra Åhlens


So hylla mi å terrassen


Og blomster :)


Har sovid begynt å pakke til ferien. Søndag reise heile familien + svoger,svigerinne,
 Celina og Julianne til Romania.
Svigerinna mi kjem nemleg derifrå, so dei har kjøpt seg leilighet der.
Skal bli spennande å sjå korleis dei har det der.
Er nok ein heilt anna kultur der.
Tvila på at der er Shabby Chic der ;)
Men kanskje det er noko anna fint å sjå.
Spennande blir det iallefall.

Ha ein fin kveld da!!!

Klem

1 kommentar:

  1. Du er so smart du;) Bildene vart kjempesøte!!!
    Og so reknar eg med at de tek ein liten ferietur til Sweden og=) Må jo besøke naboane=)

    SvarSlett