søndag 13. februar 2011

Morsdag.

Vart overraska med
 roser og biff i går kveld.
Ein dag på forskudd, sia mannen er
på jobb i dag.


Rosene er so nydelige.


Eg fulgte eit råd eg las i eit blad,
for at rosene skal halde seg lenge.
So no gjennstår det å sjå om det virkar.


Eg skråskjærte stilken, plukka vekk
blada som ville ha komme under vatn i vasen.
(for blada tek all næringa viss dei er under vatn)
So tappa eg i vasken og lot rosene
ligge der i ein halvtime å flyte.


No skal eg køyre eldstemann og nokre
kammeratar opp i slalombakken.
Etterpå skal Ruben, Ørjan og eg  ut å gå tur i den
nydelige sola.
Er berre so godt å merke at sola er her lengre,
og lengre for kvar dag.

I morgon startar eg i "ny" jobb.
Kjenner at eg kvir meg litt, men reknar med eg overlever ;)
Har mange gode kollegaer, so dei vil sikkert ta vare på meg.

Nyt dagen!!

3 kommentarer:

  1. Du e so flinke snuppa mi :)
    Ha en aldeles nydelig dag, og ej gler mej til å få dej som "ny" kollega.
    Stor klem Anita K <3

    SvarSlett
  2. god morsdag, nina. fine roser du ha fått deg! :)

    SvarSlett