tirsdag 31. mai 2011

So sant so sant ♥

Gode venner er som lyktestolper.
 De gjør ikke avstanden kortere, men gjør veien mye lettere å gå ♥






♥ Ha ein fin kveld 

mandag 23. mai 2011

5 år til neste gang.

Jaja, da var det heile over. Me har hatt ei koseleg helg ilag med familie og venner.
 Dei siste gjestene har akkurat reist heim. So no begynner kvardagen igjen.


Her er borda ferdigpynta.
Det var fargane kvitt og grått som gjekk att i dekorasjonane.
Eg velde og halde det enkelt og "stramt"


Alle gjestane fekk kvar si fyrstikkeske med bilder av Ronny på.
No må du ikkje tru at me ga fyrstikker til små barn, 
nei dei fekk småsjokolader i sine.


3x3 enkle vasar med kvite nellikar i.


Og her er noko av da vakraste eg har sett.
Ei heil skål med favorittblomsteren min.

*Tusen takk Anita for at me fekk lov å robbe blomsterbeddet ditt.

Og takk til Åse og mamma 

som hjelpte meg med å lage blomsterdekorasjonen.


Den passa perfekt


Me var 37 til bords under middagen.


"Bordkort", navnet vart skrive på glaset med Dymomaskin.
Kjempestiligt og praktisk.


Konfirmanten sjølv var veldig fornøgd med dagen.


Fam Slinde


Koldtbordet


Masse god mat.


Og heilt tilslutt eit bilde av Ronny og presten.
Ronny sto fint og "posa" for alle fotografane.
Da presten plutselig kom springane og slengte seg med på bilde.
Superkoseleg prest.


Så det var litt bilder fra den store dagen.
No får eg sette meg ned å begynne å planlegge neste konfirmasjon.
Eller skal eg heller begynne å planlegge bryllup???
Søstera mi og kjæresten forlova seg nemleg i helga <3

Ja, dette har vore ei fin og minnerik helg.

Heilt tilslutt vil eg takke Rita & Anita 
for alt dei har hjelpt til med både før og etter konfirmasjonen.
Hadde ikkje fått ein so fin dag viss det ikkje hadde 
vore for at eg har dei 2 beste venninnene i verden.

Er so glad for at eg har dikka <3

(tårer i augene no.....snufs)

søndag 15. mai 2011

Nærmar seg no....

....tenk om ei veke er festen slutt.
Dagen som me har venta på i mange år.

Ronny skal stå konfirmant, og me skal feire dagen ilag med 
kjære familiemedlemmar og venner.


Mamma og Mormor kjem på besøk allerede i måro.
Dei skal feire 17-mai ilag med oss og.

Flagget skal heisast to ganger neste veke.


Ja, vi elsker dette landet.........



Ha ei fin, fin veke alle sammen.

lørdag 7. mai 2011

Herleg dag

Dagen starta litt grå og tung. So var eg innom jobb nokre timar, 
og då eg kom ut att, var det nydeleg SOL :o)
Berre so nydeleg.


Eg har no drista meg til å planta i verandakasser og krukker.
So no får eg håpe det ikkje blir fleire frostnetter.


Bjørn Asle har no fått ferdig sitt drømmeprosjekt.


I ettermiddag/kveld har me kosa oss ilag med 
gode venner. Grilla både mat og Marshmallow.

Jammy!!!

I måro blir det fotballturnering for dei to minste.
Det blir spennande.


Ha ein fin laurdagskveld

søndag 1. mai 2011

1. mai 2011


Tenk at no har me kome til 1.mai allerede. 
Tida går litt vèl fort synes eg.


Når eg var på Sunnmøre i påska blomstra kvitveisa.
Eg elskar kvitveis, men dessverre veks den ikkje her i indre Sogn.
Det måtte eg gjere noko med, so eg fann fram spaden og grov
opp 4 svære tuer, som vart med heim.
No får eg berre håpe den klarar seg i hagen min.
Og kjem fram att neste år.



Havet!!!





På denne stranda fann eg ei tom Gin-flaske som fekk
være med heim. Den var so fin syntes eg.
So den blir no brukt som vase.

*Gjenbruk e tingen *

Ellers so er det konfirmasjon som står på dagsorden her i huset.
Merkeleg alt som skal ordnast før ein slik dag.
I dag har eg baka rundstykker som eg skal servere ilag med
 heimelaga kjøttsuppe til gjestene som kjem på besøk i konfirmasjonshelga.
Håpar eg klara å få den like god som den mormor alltid laga til oss før.

Nei, no er det lasagnetid her i huset.
Er ikkje akkurat søndagsmiddag, men har hatt so lyst på det i fleire dagar no.
So da blei det lasagne i dag :o)

Ha ei fiiin veke.