søndag 1. mai 2011

1. mai 2011


Tenk at no har me kome til 1.mai allerede. 
Tida går litt vèl fort synes eg.


Når eg var på Sunnmøre i påska blomstra kvitveisa.
Eg elskar kvitveis, men dessverre veks den ikkje her i indre Sogn.
Det måtte eg gjere noko med, so eg fann fram spaden og grov
opp 4 svære tuer, som vart med heim.
No får eg berre håpe den klarar seg i hagen min.
Og kjem fram att neste år.



Havet!!!





På denne stranda fann eg ei tom Gin-flaske som fekk
være med heim. Den var so fin syntes eg.
So den blir no brukt som vase.

*Gjenbruk e tingen *

Ellers so er det konfirmasjon som står på dagsorden her i huset.
Merkeleg alt som skal ordnast før ein slik dag.
I dag har eg baka rundstykker som eg skal servere ilag med
 heimelaga kjøttsuppe til gjestene som kjem på besøk i konfirmasjonshelga.
Håpar eg klara å få den like god som den mormor alltid laga til oss før.

Nei, no er det lasagnetid her i huset.
Er ikkje akkurat søndagsmiddag, men har hatt so lyst på det i fleire dagar no.
So da blei det lasagne i dag :o)

Ha ei fiiin veke.

5 kommentarer:

  1. Kjøttsuppe! Gledar meg til konfen!

    SvarSlett
  2. Mmmhm, godt det.
    Gledar meg eg og :)

    SvarSlett
  3. Håpar du får til kvitveisen ♥
    Og 22 dagar til konfirmasjonen ja ;) hihi ;) Nærmar seg!!

    SvarSlett
  4. so fint med kvitveisa :) gleda meg til konfirmasjon og ein dose nina.

    SvarSlett