torsdag 30. september 2010

Titt, titt


Her er eg :)
Beklagar bloggtørken, men har rett og slett ikkje hatt noko å skrive om.
Ikkje har eg teke bilder heller, so her blir det gjenbruk.
Men det er jo ein fin ting ;)


Tenk å kunne hatt ei slik inngangsdør,
det hadde vore "bærre lækkert"



I går var eg på møte i Ålesund.
Den byen er berre so vakker.
So eg har bestemt at neste sommar skal eg dit igjen med familien.
Har vore der fleire gangar før, men blir like
forelska i byen kvar gang.
Fra hotellrommet mitt såg eg rett bort på huset der
 mamma og mormor budde i "gamledagar"
Fekk dessverre ikkje tid til å opp på Aksla.
Men neste sommar............ Drømme :o)

Ellers so var utsikta upåklageleg fra flyet i går.
Strålande sol, fra Vigra til Bergen.

Norge er eit vakkert land.

Tida går jo so fort, so før me veit ordet av det, er sommaren her igjen.
Men først er det JUUUL!!!

Ha ein fin torsdagskveld :)

Klem

2 kommentarer:

  1. So kjekt at du er innom her då:) Blitt litt slapp eg og no;)

    Me får jammen ta oss ein juleverkstad-kveld:) Når me har TID!!!

    SvarSlett
  2. Ja, me skulle gjort det. Får sjå neste veke kanskje.

    SvarSlett