søndag 17. oktober 2010

Har hatt ei kjempefin langhelg.

Helga har eg tilbrakt ilag med nokre av mine kjæraste i slekta.
Er so glad i dei alle <3


Me køyrte dei 32 mila frå Sogn til Vågstranda på onsdag.
Vågstranda er ei lita bygd i vakre Romsdal.
Der budde eg mine 5 første leveår.
So det er vel ikkje so rart at hjertet mitt
høyrer til akkurat der.

Me overnatta med onkelen og tanta til mamma.
Øystein og Astri.
Astri lagar gode brød, og eit aldeles nydeleg syltetøy.
Nam nam.
Øystein fortel mange spennande og rare historiar.

So har dei ei lita "tulle" ho heiter
Elisabeth
og er berre nydeleg.
Elisabet har ei storesøter som heiter Åse,
ho er flink til å gjere fleire ting på ein gang.
Som feks. -bake rundstykker mens ho joggar.


Når me er samla so går det i taco-eting, brownies og kortspeling.
Er sooooo kjekt.

Me har og besøkt kjære mormor, onkel m/fam.
Når eg er med mormor brukar eg å spørje om
"gamle dagar".
Må få vite mest mulig.



Ut på tur, aldri sur.

Når me kom heim, laga eg pizza.
Godt med noko salt når ein har køyrt so langt.

No er ungane i seng,og  i morgon er de klart for skule igjen.
Ei ferieveke går jammen fort.

No er det ikkje ferie før jul.
Men tida går fort, so snart sit me rundt eit juledekka festbord
og kosar oss med pinnekjøtt.

Ha ei fin veke da.


1 kommentar:

  1. Kjekt at de har hatt det fint! Gjere seg med litt ferie innimellom:)

    Gonatt klem ;)

    SvarSlett