onsdag 8. desember 2010

Nytt forheng på kjøkkenet.

Har tenkt på det i mange år, og no har det altso skjedd.
Lurt er det og, for da kan eg skjule det som står bak.

Eg har ei korg ståande der, som me
brukar å kaste papp og papir i.
So slepp me å gå ut med det kvar gang.



No lurer eg på om eg (mannen min) skal lage ei hylle der.
So kan eg sett ting som eg ikkje vil ha ståande
på benken til dagleg. Slik som
kaffetraktar, vannkokar og brødristar.


Sydde det av nokregamle gardiner.
Lurer på om eg skal "pynte" forhenget med noko.
Blondar kanskje, eller kanskje noko anna.


Har også fått meg nytt bestikk.
Nina
fra Hardangerbestikk.
Ser nesten ut som sølvbestikk, det skal på julebordet i år.

No ventar eg på Anita og Rita med ein flokk ungar. ( 11 kidz)
Ete middag ilag og so bake pepparkaker.

Ha ein kjempefin onsdag

4 kommentarer:

  1. so fint det blei. og ikj minst praktisk. deg i eit nøtteskal :)

    SvarSlett
  2. Eg vil berre opplysa att mannen din ikkje vil lage hylle til deg, har ferie på ubestemt tid. :-)

    SvarSlett
  3. Haha, Bjørn Asle der måtte du kommentere ;)

    SvarSlett
  4. Knallfint♥
    Og det var so kjekt å bake kaker ;)
    Du kjem nok til å lage hylla Bjørn :P

    SvarSlett