søndag 5. desember 2010

La det snø, la det snø, la det snø.

I dag dalar snøen ned, det er berre so vakkert.

Gutane og eg åt ein god frukost og tente 2. lyset.
So hadde me på oss varme klede,  fann  fram sag og so bar det til skogs.
Målet var å finne to små juletre, eit som me skulle ha utanfor utgangsdøra
og eit til å ha i gangen.



Ørjan


Ruben


Ronny


Dette treet ser litt medteke ut.
Nesten so eg synes det er vakkert sjølv om det ikkje er perfekt.
Alle skal jo ha perfekte juletre.
Det skal være visst breidt, heilt symetrisk osv osv


Kransen er komme på døra i dag.


Pynta med eit lite furutre, litt granbar, epler
og div anna på trappa.
Vart koseleg.


Eit lite tre til, det står som sagt i gangen


Adventsstjerna i karnappet.

Seinare i dag skal eg på lysmesse i Norum kyrkje.
Eldstemann er jo konfirmant til våren, so dei
skal hjelpe til under messa.

Når den er ferdig, ber da rett til Stedje kyrkje på julekonsert.
GLEDAR MEG!!

Håpar at alle har ei fin førjulstid.

Klem

2 kommentarer:

  1. Åso fann de ikkje mini-juletre til meg??????????? Må vel til skogs eg og då :)

    Gleda meg til i kveld♥

    SvarSlett
  2. Hei Nina <3 så flotte bilder av dei skjønnaste gutane i verden...og så flotte tre <3 love you

    SvarSlett