lørdag 12. mars 2011

Ein etterlengta fridag.

Har vore på kurs 3 dagar denne veka og turen heim vart ikkje heilt som planlagt.
Det heile starta med at flyet var 1 time forsinka. 
Men det var jo greitt.
Det som ikkje var greitt var at når me skulle til å lande på Haukåsen
begynte plutselig flyet og gå oppover igjen ;)
Me fekk da beskjed om at det ikkje gjekk an å lande der, so me måtte
belage oss på ein busstur fra Sandane.


Ja, ja tenkte eg...gaor vel da og.
.........Nesten nede på bakken, fjosh opp i lufta igjen.
 Får beskjed om at det var for sterk sidevind, for å lande.
No har me nesten ikkje meir bensin i gjenn, so me må til Vigra for
å fylle opp tanken.
Ja, ja slik kan det gå. Kl e no 22.30, 2 timar sia me skulle ha landa i Sogndal

Kva skjer no liksom??


Jo, me skal berre fylle tanken, so tilbake til Sandane å prøve igjen.
Venter ein liten time.......
Nei, no var flygeleiaren i Sandane gått heim for dagen, so me skal 
sette kursen mot Ørsta/Volda, Hovden flyplass.
Og få booke oss inn på hotell der for natta.
Ein liten halvtime går.... nei, Ørsta har ikkje rom til oss.

Ja, ja da er det berre å ringe Sandane og kommandere flygeledaren på jobb. 
Flygeledaren møter igjen han, får bana måka for snø og er klar til å ta imot oss.

Men , nei da...no er det teknisk feil på flyet so me må nok overnatte
i Ålesund. Ja, ja...alle ut av flyet og inn på Vigra Lufthavn.
Dei ringer til buss for å køyre oss inn i byen.
So er det fleire som var ombord i flyet so er veldig ivrig etter å komme heim
(Sogndal Fotball er slitne etter 2 veker på La Manga)
Derfor ønsker dei å få buss heim om natta.



Ja, ja buss blir fiksa, so me venter ein time til.
Nei, buss er ikkje fiksa likevel, det blir hotell.
So kl 02.00 kom eg på hotellrommet. 

Sliiten!!!

So vart det buss nedatt kl 07.00 torsdagsmorgon.
Me starta på turen til Sogndal alle gledde seg til å komme heim.
Men tru ikkje at me skulle få køyre strake vegen heim.
10 min før målet vart nådd, måtte me nok ein gang vente.
Det var skjedd ei ulykke, so vegen var stengt.
Etter nok ein halvtimes venting, kunne me endeleg ta fatt på siste etappe.

Home SWEET Home





I dag har me kosa oss ilag heile familien. Nja, ikkje heile når eg tenkjer meg om.
 Eldstemann mangla, for han har nettopp ståt opp.
 Han har vore på konfirmant-natt, og eg henta han i Sogndal kl 06.30. 

I kveld skal mannen på jobb, so ungane og eg skal ha kosekveld.
Taco og kake på menyen :)¨

Ha ein fiiin kveld.

PS Anita, Anita og Rita gledar meg til me skal til Paris om nokre dagar ;)

Klem far Nina Kathrin

2 kommentarer:

  1. Pinare fø ein tur du har hatt dao!!!
    Men ke du trenge hjelp til?? Vart so nysgjerrige ;)
    Me ha vore heile dagen pao Heggmyrane..og so av Brit- vart so siiigen!!

    Gu kå eg gleda meg til Paris!! Berre håpa da ikkje bli ein so kompliserte tur so du hadde ;))

    SvarSlett
  2. Issa, dette var en trabasiøs tur..håper det går bedre til Paris :)) Hilse til guttane dine. Klem <3

    SvarSlett