torsdag 17. mars 2011

Kvitveisa...

Snart kikkar kvitveisa opp fra grøftekanten.
Det gler eg meg til.
Lengtar etter våren eg no, er lei av vinter.
Sjølv om nydeleg vær og snø er fint det og.
Ikkje det at eg ser noko til det da, for eg jobbar jo i ein bunkers ;)
Ser ikkje verken om det regnar, snør eller er sol ute.
Men når eg ser på klea til dei som går forbi i gangen, kan eg ane korleis ver det er :o)


På søndag var me oppe i skogen og grilla pølser på bål.
Det var kjempekoseleg.
Dao kom me på prat om denna lavoen me skulle hatt.
Tenk å kunne samlast i den, store og små. 
I sommar må me berre få til ein dugnad å få satt den opp.
Går sikkert fort visst me er mange nok.
So det er berre å melde seg på i dugnadsgjengen :)

Skal prøve å lage ein som liknar på denne har me tenkt.
Det blir for dyrt å kjøpe ein med teltduk, dessuten so tåler jo 
denne meir vil eg tru.

Innredningen blir enkel da, sittebenkar med reinsdyrskinn 
rundt veggane, med bålplass i midten.


Har vel kanskje nemt det før......men eg skal til Paris i neste veke ;)

Gledar meg

1 kommentar:

  1. å, eg gledar meg til det livnar i lundar og kvitveisane blømer! ;) eg teke jaffal våren imot med opne armar! :)skjønna godt at du gleda deg til PARIS!!! litt misunnelig, kan du sei:P

    SvarSlett