fredag 5. november 2010

Tilbake i tid

I morgon er det julebord og da 
 går turen til Sundvolden Hotell på Sundvollen
ca 45 min fra Oslo mot Hønefoss.

Det er eit kjempekoseleg hotell, med ein gammal og ein ny fløy.
Interiøret i den gamle fløyen hadde nok glidd lett inn
 i mange sine heimar her i blogglandia.

Der er det mange fine møblar og stilleben.
Har tenkt på det før at eg skulle ha knipsa bilder,
og i morgon må det berre skje :)


Desse bilda har eg lånt fra heimesida deira.
Berre for å vise at eg snakkar sant ;)
Dette er nostalgi.


I resepsjonen sel dei eigenprodusert mat, heimelaga sjokolade og litt interiør.
Når du kjem opp på rommet ditt, ligg det alltid
heimelaga sjokolade på senga.

Nam, nam

So i morgonkveld har eg og fleire hundre andre
 ein date med Alex Rosèn

Gleda meg ja :)

Ha ei fin helg da!!



2 kommentarer: